Museet

Skarke på Valdres Folkemuseum

Sundag 2. desember klokka 12.00–16.00

Tida før jul blir kalla skarke. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. I skarka på Valdres Folkemuseum fyrar vi i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulstid med både juleverkstad og marknad. Skarke er eit tradisjonsrikt arrangement i Valdres.

  • Lær om gamle førjulstradisjonar
  • Høyr lyden av dombjeller, forteljingar, julesongar og folkemusikk
  • Bli med på kanefart, lysstøyping og juletrepynting
  • Lag peparkaker, julepynt, papirstjerner og sopelime
  • Sjå demonstrasjon av lompebakst, trearbeid, firfletting og filering
  • Opplev tradisjonsrik basar, kl. 15.00
  • Kjøp julegaver og mat til julebordet på førjulsmarknaden
  • Her er julebakst, fjellgris, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og mykje anna
  • Open museumskafé
  • Parkering ved Valdres Folkemuseum og i parken på Fagernes


Christmas preparation day at Valdres Folkemuseum

Sunday 2nd of December 12noon–4pm

Sales marked and Decorating the Christmas Tree Decorations workshop for children

The organization Vennelaget for Valdres Folkemuseum (Friends of Valdres Folkemuseum) arranges its traditional bazar. The Christmas tree is decorated with decorations made by the children. The lights on thee tree are lit at 4pm.

Sales of local produce and hand crafts

Several local food and crafts producers arrange a sales marked with hand crafts from the Valdres region. Here you might find your Christmas dinner components or gifts to put under the tree. There's also baking of traditional Valdres Christmas pastels such as lefser, hardangerlefser and rosettbakels.