Landbruk

Landbruksdagen er ein møteplass der bygdefolk og tilreisande kan oppleve det beste landbruket i Valdres har å by på.

Arrangementet er gratis og ope for alle.
Velkomne til ein flott dag på Valdres Folkemuseum!

PROGRAM:
Kl. 11.00: Portane opnar på museet
Kl. 11.30: Opningsarrangement
- Opningshelsing ved Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og småbrukarlag
- Kulturelt innslag
- Utdeling av Landbruksprisen
Kl. 12.15: Kalvemønstring
Kl. 13.30: Foredrag ved Ole-Jacob Christensen, tema: «Bruk eller gjengroing av Kulturlandskapet?»
Kl. 14.30: Gjetarhundoppvisning
Kl. 16.30: Takk for i dag!

UTSTILLING OG AKTIVITET:
• Kalvemønstring, utstilling av ulike dyr og riding
• Bodar med kortreist mat basert på lokale råvarer
• Lokal husflid og ope felemakarverkstad
• Naturstig, presisjonskøyring med trøtraktor, hopping i høyet, lompebaking og hyttebygging for dei litt yngre
• Framsyning av maskiner og utstyr til jord- og skogbruket; maskinforhandlarar stiller med traktorar og reiskap, Valdres Skog stiller med hogstmaskin.